Nasjonal turistveg Hardangervidda over det største høgfjellsplatået i Nord-Europa byr på ei kontrastfylt reise frå store vidder og høge fjell, gjennom djupe, frodige dalar til blågrøne fjordar. Hardangervidda er Noregs største nasjonalpark og er ein viktig tilhaldsstad for den største villreinstammen i Europa. Opplev den spektakulære Måbødalen med sin sjeldne og vakre flora. Kilde: Nasjonale Turistveger